Sunnmøre Fartøyvernlag

FARTØYVERN OG KYSTKULTUR 

 

 

 Fotoalbum 

 

 

Litt om "M.S. ORIENT"

og andre båtar bygde på Mjosundet Båtbyggeri.

 

ORIENT er ei hekkskøyte på 55 n.fot .Byggeår 1936. Byggenr: Anslagsvis 17 - 18. Båten var bygd som fiskebåt for Anton Mo frå Mausund på Frøya. Dette var båt nr. 2 som Anton Mo fekk bygd ved MJOSUNDETS BÅTBYGGERI . Den første var ALASKA, ei skøyte på 46 fot, bygd rundt 1930.

ORIENT var bygd 10 år etter bygg nr. 1 som er M.S. ODD, ei skøyte på 36 fot, og som framleis er til.

ORIENT vart som alle båtane her på denne tida, bygde av nordmørsfuru med einenaglar gjennom hud og spant. Trerøtene i spanta og andre plassar i båten vart henta i skogen av arbeidarar ved båtbyggeriet. Dei fann høvelege furer, hogg av rotsystemet i den lengde dei skulle ha, og drog trea i koll, ofte med ein stubb-brytarvinsj dei kunne ha med seg.

Trerøtene, plankar og all materiale vart skore på eige sagbruk. Far passa alltid på at tømmeret hadde lege i sjøen ei viss tid før det vart skore, og etterpå var det å sette det opp i stablar for tørking, før det vart teke i bruk. Ferdigskore matriale vart ofte frakta over sundet til Djupviktangen, der var det betre tørke og betre plass.

Eine til naglar var det gjerne ungar og ungdomar i fam. med skogeigarane som skaffa fram. Dei fekk ein viss sum for ein sekk med nagelemne. Far hadde laga ein spesiell dreiebenk for naglane. Ein måtte først kappa emna i rett lengde, så hogge til ein firkant på eine enden. Eg hugsar det var moro å dreie einenaglar.

 

 

 

Ein ting som eg trur var spesiellt ved dei klaverte båtane som vart bygde her, var at det vart nytta sement i nata under vasslinja i staden for bek. Dette trur eg kom seg av at bror til far, Lars Kristiansen, hadde vore i Amerika og bygd trebåtar og lært seg dette der. Det er i allefall sikkert at sementen ga mykje heilare og finare nat enn bek, der nata etter ei tid blir ståande halveges opne. Men i siste halvdelen av 40- talet var det ein mann frå Skipskontrollen her som forlanga at det skulle brukast bek i nata. Far fekk sett på land ein båt på ca. 33 fot som han bygde først på 20-talet (det var føre han starta båtbyggeri) der det og var nytta sement i nata. Denne båten var da over 40 år, og nata var slette og fine. Far ville få med seg skipskontrolløren ned i slipen og syna han dette, men eg er ikkje sikker på om han vart med. Men i alle fall, skøyta som var under bygging og snart ferdig, måtte bekast i nata i botn. Dette var ein båt på vel 60 fot. Eg trur dette var den einaste nybygde båten med bek i nata i botn.

ORIENT var den største båten som var bygd ved båtbyggeriet til da, og i eit nokså nyoppført båthus, med store dører. Sliskane som slippvogna gleid på nådde ikkje ned i sjøen, det var nokså brådjupt attom. Det kunne vera frå 30 til 50 cm. frå sliskendane

og ned til sjøen når båtane vart sett ut. Dei fekk god fart, og gjorde mest som eit byks med det same dei tok sjøen med stor sprut. Det var verkeleg spennande å sjå på utsettinga av nye båtar, serleg såpass stor som ORIENT.

Styrhuset var ein god del høgare enn på båtane som var bygd her før. Byssa bakom var senka, slik at det var greitt å sjå over byssetaket og attover frå styrhuset. Eg hugsar eg vart smått fornærma på far sine vegne, da eg høyrde nokre mannfolk som sto og snakka om at styrehuset var for høgt, det skjemde båten.

Motoren som sto i ALASKA vart montert i ORIENT. Det var ein hk. 50 Wichman.

(Ein 50 Wichman bremsa på 110 hk. var det sagt.) Eg var 9 år, og hugsar godt da Anton Mo starta opp motoren i ORIENT første gongen. Eg og ein annan gutunge sto ved motorromsdøra og såg ned på han som starta. Ein slik motor trong nokså lang tid på å bli fyrt varm før start. Men da Mo starta, så ville ikkje motoren gå jamnt. Mo vart tydelegvis sint, han lyfta opp den eine foten med tresolasko og trødde til hardt fleire gonger på handpumpa,som det var på slike motorar, og motoren rusa villt og båten rista kraftig. Kameraten som sto i lag med meg, fann det ikkje forsvarleg å vera ombord, så han sprang opp på kaia.

Men elles hugsar eg Anton Mo som ein roleg og triveleg kar. Han hadde vore i Amerika, og hadde gull i nokre tenner, noko som var uvand for oss ungane å sjå. Han var ein trufast kunde både før og etter han fekk ORIENT. Det hende fleire gonger han tok med seg ungane sine når han var her på kortare oppdrag. Men dei var noko eldre enn meg.

Elles hugsar eg at far fekk ein god del skryt av at ORIENT var ein god sjøbåt. Og det vart bygd fleire båtar etter same modellen. Men ingen så store. Far skrudde på koparplater på modellen for at den skulle tola slitasjen betre, og bli greiare å bruka skyvlære på, som han alltid nytta direkte på modellen når han rekna ut ein båt.

Denne modellen er oppbevart på Sjøfartsmuseet i lag med dei fleste av modellane etter far.

Det var ikkje elektrisk kraft her da ORIENT vart bygd. Det kom først utanfrå i 1956. Vi hadde eit lite dieselagregat i slutten av 40-åra. Føre det var det ein 15hk stasjonær oppfyrings-motor som drog tømmersag, høvelmaskiner og bandsag. Elles var det og ein mindre oppfyring som kunne dra bandsag og dreibenk. Arbeidslyset dei hadde var Petromax og Primuslamper. Til å borra for naglar, spikar og boltar var det store borrsveiver. Arbeidsdagen var 9 timar, og halv dag på laurdag.

Dei var omkring 12 - 15 mann på denne tida.

 

Mjosundet 3. 9. 2008.

Kolbjørn Ås.

 

 

 

Spantemoddellen som var brukt ved byggingen av

av MS Orient.

 

 

Originalteikning av MS Orient, teikna av

Klaus Ås ved Mjosundet Båtbyggeri

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

     

 

 

 

MS Orient        

 

 

Prøvetur med MS Orient     utanfor Svolvær hausten 2008

 

 

 

 

 

 

 

 

 

     

 

 

 

 

 

Orient på Maritime dagar i Fosnavåg 2009