Hei

Sunnmøre Fartøyvernlag

FARTØYVERN OG KYSTKULTUR 

 

 

 Fotoalbum 

 

Her finn ein turforslag

 

 

Turforslag

 

Borgarøya    

 

Den gamle handelsstaden Borgarøya ligg idyllisk til i skjergarden ved Ulsteinvik. Namnet kjem av at det har vore "borgarar" her sidan tidleg på 1600-talet. Det var folk som hadde løyst "borgarbrev" og hadde rett til å reise langs kysten og drive handel. Staden låg sentralt ved den gamle skipsleia mellom Bergen og Trondheim. Handelsmenn frå Bergen hadde varelager på øya og dreiv byte mot fisk og landbruksprodukt. På det meste var det 17 ulike bygningar her, og det var fast handel fram til 1880-åra.